Helene Fosse

Slik leoparden har farten sin og kvithaien de mange tusen millionar sylskarpe tennene sine, har me menneske også ein spesiell ting som gjer at me kan overleve, og som skilar oss frå alle dei andre dyra; Hjernen vår. Likevel, kan me alltid stole på kjenslene og fornuften vår? Eller kan me bli lurt av vår egen arroganse?

I rettsakar blir det ofte dratt fram vitne som kan fortelje at dei såg den mistenkte på åstedet då forbrytinga hendte. Juryen ser på dette som eit ganske bra bevis  på at dette stakkars individet må vere skuldig. Likevel, la oss seie at me veit vitnet ikkje ljug, han veit med hundre prosent visse at det var denne mannen ho såg. Kan me stole på ho? Retting, kan me stole på kjenslene hennar?

Tryllekunstnarar kan få deg til å sjå ein mynt gå frå eine handa til den andre, før den på magisk vis forsvinn og dukkar opp bak øyret ditt. Først er du ikkje i tvil om kva du såg. I ein augneblink bryt alle fysikkens lover saman til ein lite blubb som forsvinn i det fjerne, før du aksepterar: Joda, eg vart lurt. Han hadde sjølvsagt mynten i same handa heile tida. Hjernen min spelte meg eit puss.

Min favorittillusjonist, Derren Brown

Ok, greitt, hjernen er lett å manipulere, om ein veit kva triks ein skal bruke. Tryllekunstnarar brukar raske, overdrivne bevegelsar og showmanship for å skape ein illusjon. Det betyr ikkje at ein ikkje kan stole på kjenslene våre. Om hjernen min er frisk og fin, så er det eg ser med augo mine det som skjer der ute i verda. Det er ikkje som ein film der flinke mediafolk kan redigere inn alle mulige ting, som aliens og gjenferd. Eller er det?

Faktisk så redigerar hjernen din på veldig mykje av det du ser. Før du kan sjå føre deg i hovudet ditt kva augo dine kan sjå, gjør faktisk det registrerte lyst som sansecellene dine oppfattar gjennom ein heil liten prosess. Har du nokon gong tenkt over kor rart det eigentleg er at hjernen din kan sjå på ein todimensjonalt fotografi, og sjå det føre seg som om det hadde tre? Kva med bilete som den eine augneblinken ser ut som ein hare, og så i neste ser det ut som ei and? Nokre optiske illusjonar kan til og med få deg til å sjå, hallisunere, små, svarte prikkar mellom svarte firkantar. For at hjernen din ikkje skal bruke altfor mykje energi på å vise deg alle detaljar av det som blir registrert, må ho av og til ta nokre snarvegar, og desse snarvegane kan gjere at me ser ting som ikkje eigentleg er der.

Ein anna ting menneskehjernen ofte må gjere er å sjå samanhengar. Om eg gjer A, skjer B. Me skjønner at om ein får vondt rett etter å ha tatt på brennesla, så er det på grunn av brennesla. Tar eg aloe vera på og det blir betre, så blir det betre fordi eg tar aloe vera på. Også andre dyr kan ssjå desse samanhengane, og det utnyttar vi blant anna for å lære hund triks (sitt eg når ho seier sitt, får eg noko godt.) Slike samanhengar er viktige for at me skal lære og forstå kva me bør gjere.

Men er det slik at me av og til stolar for mykje på samanhengar? Det er faktisk mange eksempel å ta frå her, spesielt når det gjeld ting som skal gjere at du følar deg betre. Krystallar, naturmedisinar, mange religiøse ritual og homeopati er alle ting folk påstår kan vere bra for deg, og mange tenar godt på det. Sjølvsagt, det kan godt hende at du føler deg betre av at du heng ein stein i eit smykke rundt halsen, men å tro det er noko meir enn placebo-effekt blir nesten for dumt.

Det er blitt gjort forsøk der duer har blitt plassert i eit lite rom, med en liten dispenser som heilt tilfeldig slepp ut mat. Kan du gjette kva som skjer? Dua begynnar å danse! Det må ha sett ganske merkeleg ut, men denne duas hjerne, akkurat slik som vår egen, er helt sikker på at alt dreier seg om den sjølve. Når det blir sluppen ned mat, begynner dua å tenkje tilbake på kva ho gjorde, så gjer ho det same om igjen, til det kjem endå meir mat. Dumme, innbilske dua. Om ein tenkjer seg om, kan ein kanskje sjå samanhengen her mellom duas oppførsel og mange religiøse ritual. Ta for eksempel regndansane til mange afrikanske stammar. Menneska gjer mange tilfeldige bevegelsar som dei håpar vil bringe regn, og det fungerar jo! Det byrjar jo å regne ein eller anne gang! Viss ikkje, så kan dei berre seie at gudane jobbar på mystiske måtar. ”Kanskje dei testar oss?”

Ein anna ting me har ein tendens til å leggje alt for mykje vekt på er vårt indre kjensleliv. Grunnen til at me har kjensler er jo for at me skal kunne tenkje raskt, utan å måtte dvele og tenkje for mye ”burde eg løpe frå den løva som hoppar på meg, eller er det verdt det?” Kjenslene er der også for at me skal gjere ting som er bra for oss, som å ete mat det, før, var lite av (som fett) og for at me skal halde saman med ektemaken vår, for at barna, som ber genane våre, skal få mest mogleg hjelp i oppveksten, slik at dei kan overleve dei også. Det er ikkje rart me legg så mykje vekt på kjenslene våre. Ofte har jo magefølelsen rett. Magefølelsen er tross alt noe som kommer frå underbevisstheita, og er basert på tidlegare opplevingar som du kanskje ikkje hugsar skikkelig.

Likevel, kjenslene våre kan ofte lure oss til å gjere ting som kanskje ikkje eigentleg er fornuftig. Om du skal bestemme deg for om du burde ta ein jobb i Amerika eller ikkje, er det kanskje ein idé å høyre på magen din. Men om du vil vite sanninga om ting, er nok ikkje det noka god idé. Kjenslene dine tar først og fremst omsyn til kva som er behageleg, og det er ikkje alltid dei passar heilt overens. Det kan tross alt være veldig behagelig å tro at det finst feer i bakhagen, at alt rotet på kjøkkenet kjem til å rydde seg sjølve om du berre trur hardt nok på det, eller at kreften som sit i korsryggen på onkelen din forsvinn om du berre håpar nok på det.

Men kvifor kan me ikkje berre tro på ting som følast bra då? Kvifor må me absolutt presse denne sanninga på alle og ein kvar? Er ikkje det viktigaste at alle berre er lukkelege? Om me fann ut at heile universet vårt eigentleg berre var ein tarmbakterie til ein gigantisk, stygg drakeliknande skapning, så er jo ikkje det noko me ville trengt å ta omsyn til kvardagen, så då kan me vel berre leve i den trua at universet er stor og fantastisk og alt som er?

Eg meiner sanninga er viktig. For det første er me så heldige at me lev i eit svært og vakkert univers, og me har til og med teknologien til å nyte bilete av gigantiske stjernetåker og supernovaer. ”Isn’t it enough to see that a garden is beautiful without having to believe that there are fairies at the bottom of it too?” som Douglas Adams. For det andre, eg trur at om alle går rundt og berre trur det som er mest behageleg, så går me ikkje berre glipp av noko stort, me endar også opp med ikkje vere skikkeleg forberedt på kva som faktisk kjem til å skje. Om du veit at onkelen din kjem til å døy, bør du ikkje bruke all tida de på å prøve få til eit mirakel, men heller bruke den tida du har igjen med han for å fortelje han kor glad du er i han.

Menneskehjernen er ikkje alltid like flink til å være smart. Veldig ofte kan hjernen faktisk ta skammeleg feil. Trikset er å komme desse hendingane i forkjøpet, og lære oss sjølve om korleis hjernane våre pleier å ta feil. Om me vil bli fornuftige, opplyste menneske, må me av og til legge stoltheita vår til sida og tenkje at ”berre fordi eg ser, høyrer eller følar noko, så betyr ikkje det at eg bør stole for mykje på det, og i alle fall ikkje basere heile livssynet mitt på det.”

Kjelder:
– Brown, Derren Victor (2007): Tricks of the mind. Channel 4 (Kan kjøpes her, anbefales!)
– Adams, Douglas: http://thinkexist.com/quotation/isn-t_it_enough_to_see_that_a_garden_is_beautiful/202912.html, Lastet ned 20.10.11

Norskoppgave i sidemål.